Noregs forskingsråd gjennom 30 år

Forskning har aldri vore viktigare enn no. Noreg og verda har store utfordringar innan mellom anna klima og miljø, helse og velferd og økonomisk omstilling. Utfordringar ein berre kan løyse gjennom kunnskap.

I 2023 er det 30 år sidan vi vart eitt forskingsråd i Noreg. Gjennom desse 30 åra har vi jobba for å gjere den beste forskinga og innovasjonen mogleg. Vi jobbar for eit samfunn der forsking blir skapt, brukt og delt, og vi bidreg til omstilling og eit meir berekraftig samfunn.

Frå fem til eitt forskingsråd

I gjenreisninga av landet i etterkrigstida rådde det stor optimisme knytt til potensialet for auka industriell utnytting av norske naturressursar og råvarer. Følgjeleg vart Noregs Teknisk-naturvitskaplege Forskningsråd (NTNF) etablert i 1946, som det første forskingsrådet i Noreg. 

Større merksemd om bidraget forskinga hadde til samfunnsutviklinga la grunnlag for etableringa av fire nye forskingsråd i tillegg til NTNF: Norsk Allmennvitenskapelige Forskningsråd (NAVF) og Noregs landbruksvitskaplege forskingsråd (NLVF) i 1949, Noregs fiskeriforskingsråd (NFFR) i 1972 og Noregs råd for anvend samfunnsforsking (NORAS) i 1987.

I 1993 vart dei fem forskingsråda samla til eitt Noregs forskingsråd. Noreg vart med dette det første landet i verda der eitt forskingsråd fekk ansvar for alle fag, disiplinar og tema; og dessutan grunnforsking, anvend forsking og forskningsdriven innovasjon.

Heilskapeleg kunnskapsbilete

Forskingsrådet fekk ei sjølvstendig rolle som forskingsstrategisk rådgivar for regjeringa. Hovudgrunngivinga for samanslåinga til eitt råd var eit ønske om samankopling av grunnforsking og anvend forsking, koordinering på tvers av fagområde og sektorar, og meir effektiv ressursbruk.

Ambisjonen var å få ei heilskapsoversikt over kunnskapsbiletet i Noreg og internasjonalt, og betre tenester for brukarane av Forskingsrådet. Denne endringa i forskingsrådsstrukturen må bli forstått med utgangspunkt i ei større reform for å modernisere og fornye statsapparatet gjennom 1980- og 90-talet.

Volumet av midlar som Forskingsrådet tildeler var i 1993 om lag 3 milliardar kroner. I 2022 har dette auka til 11,4 milliardar kroner.

Finn ut mer om historia til dei norske forskningsråda 1946-2016 i Prosjektbanken til Forskningsradet eller i Cristin.

Forskingsrådet i dag

Oppgåva vår er å sikre at dei beste forskings- og innovasjonsprosjekta får finansiering.

1.754 internasjonale fagekspertar vurderer og rangerer søknader på oppdrag frå oss. Beslutningar om tildeling blir tatt av porteføljestyra. Porteføljestyra består av 200 uavhengige styremedlemmar frå alle sektorar.

Vi skal ligge i front for å utvikle forsking av høg kvalitet og relevans.

Vi er den sentrale rådgivaren for myndigheitene i forskingspolitiske spørsmål og jobbar på oppdrag frå 15 departement. Verksemda vår er ei sentral brikke i langtidsplanen til regjeringa for forsking og høgare utdanning.

  • Næringsliv: Forsking er ein viktig del av verktøykassa til norsk næringsliv. Vi har ulike finansieringsordningar for forskingsbasert innovasjon og kunnskapsbygging.
  • Offentleg sektor: Vi bidrar til fornying og innovasjon i offentlege sektor gjennom ei rekke ordningar.
  • Forskingsorganisasjonar: Forskingsorganisasjonar kan søke om finansiering innanfor alle relevante tema og fagfelt.
  • Internasjonalt samarbeid: Vi arbeider for auka internasjonalt samarbeid og deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram. Ni av ti norske søknadar om forskingsmidlar frå EU har fått støtte og rådgiving frå Forskingsrådet.
  • Forskingskommunikasjon: Vi møter deg på Forskingsdagane, ein forskingsfestival som bidrar til at forskarar møter folk i heile landet, frå Hammerfest i nord til Mandal i sør. Vi har lært over 500 forskarar å formidle godt det dei jobbar med gjennom Forskar Grand Prix. Forskingsrådet fremjer også vitskapleg tenkning i samfunnet. Kvart år engasjerer vi over 4000 lærarar til å ta i bruk Nysgjerrigper-metoden.

Vi er ca 360 tilsette som jobbar for å løyse samfunnsutfordringar og skape framtidas arbeidsplassar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 00.46 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.