Forsking på forskingskommunikasjon (FORSKKOMM)

Openheit og god dialog mellom forsking og samfunn er avgjerande for å sikre tilliten samfunnet har til forsking og forskingsresultat. Vi treng meir kunnskap om forskingskommunikasjon. Dette gjeld ikkje minst for å utnytte ressursane som blir brukte til kommunikasjonsarbeid i forskingsprosjekt betre og for å oppnå større effektar av forskingsarbeidet.

Sjå FORSKKOMM-prosjekt i Prosjektbanken (oversikt over prosjekt som har fått støtte). I desse prosjekta ser forskarane nærare på pågåande norske forskingsprosjekt eller senteraktivitetar som har tydelege mål for kommunikasjonsaktiviteten. Dette skal gi kunnskap om kommunikasjon i forkant, under og etter forskingsprosessen.

Forskingsdagane er ein av Europas største forskingsfestivalar. Her viser forskings- og kunnskapsinstitusjonar over heile landet fram forskinga si til ålmenta. Festivalen omfattar alt fra opne laboratorium til debattar, forskar-stand-up, foredrag og quizar. Det meste er gratis og ope for alle. Festivalen blir arrangert kvart år i veke 38 og 39. 

Nysgjerrigper er tilbodet vårt til elevar og lærarar i grunnskolen. Målet er at barn skal få vite kva forsking går ut på, lære om forsking og sjølv prøve å forske. Skoleklassar kan bruke Forskingsrådets opplegg for arbeid med vitskapleg metode i skolen, Nysgjerrigpermetoden.

Dei regionale vitensentra er populærvitskaplege opplevings- og læringssenter for matematikk, naturvitskap og teknologi. Målet er at alle som besøkjer sentra skal lære ved å sjølv kunne eksperimentere. Forskingsrådet forvaltar ordningane med tilskot av vitensentra.

Fire frimerker av helserelatert forslning

Forsking, innovasjon og teknologi på nye frimerke

Sjå frimerkeserien

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 03.17 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.