Spør KI-samtaleroboten vår

Regionale vitensenter

Vi forvaltar tilskot til dei regionale vitensentra i Noreg. Dei regionale vitensentra er populærvitskaplege opplevings- og læringssenter for matematikk, naturvitskap og teknologi. Her er målet at besøkjande skal lære ved å eksperimentere sjølv.

Føremålet med dei regionale vitensentra er å auke interessa for realfag blant barn, unge og ålmenta generelt.  

Sentra som inngår i ordninga skal vere eit regionalt tilbod av god kvalitet for elevar, studentar, lærarar, foreldre og ålmenta i dei ulike regionane.

Det er 13 regionale vitensenter

Atlanterhavsparken, Ålesund

DuVerden, Porsgrunn

Inspiria, Sarpsborg

Jærmuseet, Sandnes og Nærbø

Nordnorsk vitensenter, Tromsø

Oslo vitensenter

VilVite, Bergen

ViteMeir, Sogn

Vitensenteret i Trondheim

Vitensenteret Innlandet, Gjøvik

Vitensenter Nordland, Mo i Rana

Vitensenteret Sørlandet, Arendal

Vitenparken Campus Ås, Viken

Styringsgruppa for dei regionale vitensentra (VITEN) 2024–2027

  • Ove Gunnar Drageset, professor i matematikkdidaktikk ved UiT Norges arktiske universitet, Tromsø (leiar styringsgruppa)
  • Leif Lømo, pensjonert spesialrådgivar i Equinor og sjølvstendig konsulent, Bergen
  • Ella Maria Idsøe, professor i Naturfagsenteret, UiO
  • Bodil Svendsen, førsteamanuensis i naturfagdidaktikk, fagseksjonsleiar naturfaga, Institutt for lærerutdanning, NTNU Trondheim
  • Lars Gunnar Olsen, lærar ved Abel skole i Gjerstad kommune, Agder

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31. august 2026, kl. 17.18 CEST

Varslet nedetid Min side (nytt system)

I tidsrommet kl. 14.00 fredag 11. september til kl. 08.00 måndag 14. september oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vera mogleg å arbeida i systemet. Du kan oppleva noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.