Forsking i alle ledd gir internasjonal vekst og suksess
Det blir forska i alle avdelingar i produksjonsbedrifta Orkel AS. Dette er ein grunn til den internasjonale suksessen deira.
– Forsking og innovasjon er ein sentral del av bedrifta vår. På ein eller annan måte jobbar alle tilsette i Orkel med FoU.
Dette seier FoU-direktør Gjermund Kambestad i Orkel AS, bedrifta frå Trøndelag som har laga landbruksmaskiner sidan 1949 og som har opplevd ein sterk internasjonal vekst dei siste åra. Salet av landbruksmaskiner har tredobla seg og Kina er no hovudmarknaden.
Medarbeidardriven innovasjon
Bedrifta har fått midlar frå Forskingsrådet sidan 2015, både prosjektstøtte og skattefrådrag for forsking gjennom SkatteFUNN-ordninga.
– Vi ser ein tydeleg vekst i eksporten etter at vi søkte Forskingsrådet fleire gonger og fekk tildelt midlar til å gjennomføre FoU-prosjekt, seier Kambestad.
Forsking og innovasjon står så sentralt i Orkel at det har fått eit eige namn – medarbeidardriven innovasjon. Dette betyr at det blir forska i alle avdelingar, og at forsking skal stå sentralt i alle ledd i organisasjonen. Blant anna har Orkel eit system for at alle tilsette kan komme med innspel til kva dei kan forske på, og alle desse innspela blir samla på ein god måte.
– Alle har ei innstilling om at vi må utvikle oss, seier Kambestad. – Mange er innom prosjektarbeidet og arbeidsmøte. For oss skjer ikkje utvikling berre i ei avdeling, men overalt. Hos oss har folk i produksjonen veldig nyttige innspel til produktutvikling, berre for å nemne noko.
Gode på "alle dei andre tinga"
Sjølv om Orkel jobbar mest med produktutvikling, stoppar ikkje forskinga her. Kambestad understrekar at det er viktig for bedrifta å utforske også andre utfordringar for bedrifta. Blant anna fekk dei midlar til forsking på berekraftig internasjonalisering av norsk landbruksteknologi, og til og marknadsdriven produksjonsutvikling.
– På grunn av den internasjonale veksten vår, må vi finne ut korleis vi på best mogleg måte kan halde kontakt med kundane våre når dei er stadig lengre borte, seier Kambestad. – Vi er allereie gode på produktutvikling. No undersøkjer vi alle moglegheitene som kan gi oss eit fortrinn og gjere oss konkurransedyktige. Vi er har dobla produksjonen og har blitt 30 prosent meir effektive, noko som har slått svært positivt ut både på omsetning og overskot.
Prosjektet om berekraftig internasjonalisering blei avslutta i 2018. Kunnskapen frå forskinga blir blant anna brukt til å effektivisere flyten i produksjonen og til internasjonalt sal gjennom sosiale medium. Ifølgje Orkel har prosjektet bidratt til meir tverrfagleg og internasjonalt forskingssamarbeid, og dei meiner at resultata har ein verdi for andre bedrifter som ønskjer å satse internasjonalt
– Vi spør alltid: Kva kan vi bli betre på? Målet vårt med prosjektet om berekraftig internasjonalisering, var å bli gode på alle dei andre tinga. Vi har eit produkt, som vi held fram med å utvikle. Men nøkkelen til suksessen er at vi samtidig stiller dei andre spørsmåla, utviklar resten av bedrifta og forskar på det.
Samarbeidspartnarane passar på
I tillegg til eiga forsking, samarbeider Orkel også godt med andre. Dei deltar i fleire prosjektsamarbeid som har fått midlar frå Forskingsrådet.
Ifølgje Kambestad fungerer samarbeidet med forskingsinstitusjonar som SINTEF og NTNU godt, og partnarane er flinke til å utfylle kvarandre.
– Som innovativ bedrift har vi ofte lyst til å setje noko i gang med ein gong, seier han. – Då er det greitt å ha samarbeidspartnarar som heile tida passar på at vi er på rett veg. Sjølv om det tar litt tid for forskingsresultata kjem, og vi har nok allereie då prøvd ein del internt i bedrifta.
Ofte har Orkel faste FoU-samarbeidspartnarar, som dei har jobba med over lang tid.
– Partnarane kjenner oss og måten vi gjer ting på. Når vi er godt kjende med kvarandre, slepp vi å bruke mykje tid på kartlegging og kan gå rett i gang med prosjektarbeidet. Ting går då litt fortare.
Kambestad fortel at dei ofte arrangerte kick-off med litt enkel team-building før dei skulle samarbeide med nye partnarar.
– Det er viktig å bli godt kjent med kvarandre, avsluttar han. – Då får ein trua på det ein gjer, ein vil kvarandre godt og det blir lettare å jobbe mot same mål.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 03.32 CET