Prosjektdøme og statistikk
SkatteFUNN er det største FoU-verkemiddelet i Noreg. I 2023 bestod SkatteFUNN-porteføljen av 4829 løpande prosjekt. Desse stod for eit samla FoU-budsjett på vel 27 milliardar kroner.
SkatteFUNN i tal
I 2024 fekk vi 2644 søknader til SkatteFUNN. 79 prosent av desse fekk godkjent prosjektet sitt som FoU. Det er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med 2023, og er på nivå med 2022.
Dei største porteføljane
Det er flest prosjekt innanfor fiskeri og havbruk og helsenæringa. Desse porteføljane utgjer kvar cirka 10 prosent av dei aktive prosjekta i 2024. Prosjekt innan IKT, tenesteyting og energi utgjer cirka 8 prosent kvar.
Geografisk spreiing
Søknader frå Oslo utgjorde 26 prosent i 2024, Rogaland 12 prosent og Vestland,
Akershus og Trøndelag hadde cirka 10 prosent av søknadene kvar.
Om bedriftene som søkjer
20 prosent av dei godkjende prosjekta kom frå nye søkjarar, som er på nivå med tidlegare år. I 2023 var 58 prosent av søknadene frå bedrifter med 1-20 tilsette, og 27 prosent frå bedrifter med 21-100 tilsette. Mange av bedriftene i ordninga samarbeider med ei anna bedrift eller FoU-institusjon, sjølv om det ikkje er krav om dette.
Typisk bedrift og prosjekt i SkatteFUNN
- bedrifta er mindre enn ti år
- færre enn 20 tilsette
- sendt inn to søknader tidligare
- årlege prosjektkostnader på tre millionar
- prosjektvarigheit på to–tre år
Se eksempler på prosjekter som har fått SkatteFUNN-midler
- Artikkel
Framtidas kyllingfôr er insekt og kortreiste råvarer
Norsk Kylling har halvert soyainnhaldet i fôret frå 19–10 prosent på fem år ved å erstatte soya med raps og solsikke. I tida framover testar dei både mjølbiller og fluger i fôret. Resultata kan gi både sunnare kyllingar og lågare klimagassutslepp.
- Artikkel
Nye løysingar for berekraftig matproduksjon
Innovasjon i landbruket er viktig for å lykkast med grøn omstilling. Derfor har N2 Applied utvikla ein metode som gjer det mogleg for bonden å produsere miljøvennleg gjødsel på eigen gard.
- Artikkel
Gikk «all in» på velferdsteknologi for eldre da markedet endret seg
Et tilfeldig møte med kommunen ble øyeåpneren til et helt nytt marked innen velferdsteknologi. Nå skal Tromsø-bedriften sende Nattugla til utlandet.
- Artikkel
SkatteFUNN-midler har bidratt til eventyrlig vekst hos Nofitech
Å finne balansen mellom å prioritere kjernevirksomhet og forskning er ikke alltid like lett. Med støtte fra SkatteFUNN satser Nofitech på forskning og utvikling. Det har bidratt til de siste årenes mangedobling av ansatte og en enorm vekst i omsetning.
- Artikkel
Støtta frå SkatteFUNN heldt maskineriet i gang
Med nytt og kraftig girsystem får syklane lengre levetid, og på sikt kan dei erstatte bilar på korte distansar i byane. SkatteFUNN ga lønn til gründerane i CA Technology, slik at dei kunne halde hjula i gang.
- Artikkel
Safedesign - Alternativ til stillas
Safedesign er en start-up som jobber med å utvikle et alternativ til tradisjonelle stillas for takarbeid på bygninger. De er godt i gang med utviklingen av sikkerhetssystemet Roofbarrier som gjør det enklere og raskere å sikre personer som jobber på tak.
- Artikkel
AppSens – utvikling av sensor for deteksjon av hjerteflimmer
AppSens er et norsk medisinsk teknologiselskap som utvikler trådløse medisinske sensorer og enheter. De har nylig utviklet en hjerterytmesensor for påvisning av atrieflimmer (hjerteflimmer). Denne kan kjøpes og brukes av pasienter uten behov for henvisning fra spesialisthelsetjenesten. Sensoren er liten, kompakt og enkel i bruk.
- Artikkel
- Forskning er nøkkelen til restaurantsuksessen
Matglade reiser helt fra Shanghai og New York for å spise på undervannsrestauranten Under ved Lindesnes. – Vi har brukt forskning for å få det til, sier eier Gaute Ubostad.
- Artikkel
Varig Technologies AS - Ny programvare for en mer bærekraftig bygg- og eiendomsbransje
Store næringsbygg har til sammen et enormt energiforbruk og representerer store klimagassutslipp. Nå utvikler det norske proptech-selskapet Varig Technologies en ny programvare som skal redusere miljøavtrykket til bygg- og eiendomsbransjen.
SkatteFUNN i tal
Vi fekk 2607 søknader til SkatteFUNN i 2022, med ei innvilgingsgrad på 74 prosent. Talet på løpande/aktive prosjekt var 5559 per årsskiftet 2022-2023. Budsjetterte FoU-kostnader for pågåande SkatteFUNN-prosjekt i 2022 var totalt 27 mrd. kroner, og budsjettert skattefrådrag var på 4,6 mrd. kroner.
Nedgang i søknader i 2020 og 2021, auke i 2022
Dei siste to åra har vi sett ein tydeleg nedgang i talet på søknader til SkatteFUNN (2933 i 2021, mot 4141 og 4543 i høvesvis 2020 og 2019). I 2022 var det ein auke på 30-40 prosent samanlikna med fjoråret, noko som gir ein prognose på 3000 søknader for perioden april-desember, mot 2200 for same periode i 2021. Det er grunn til å tru at årsaka til utviklinga er samansett, men at effektar av koronapandemien speler ei viktig rolle, inkl. forseinkingar i pågåande prosjekt, nedprioritering av FoU, tiltakspakkar og auka tilgang til andre støtteordningar.
Små og mellomstore bedrifter får oftast støtte
Over tid ser vi at om lag 75 prosent av det budsjetterte skattefrådraget i SkatteFUNN er hos små og mellomstore bedrifter. Meir enn 60 prosent av bedriftene seier at dei har samarbeid med leverandør, kunde eller brukar i prosjektet sitt. Om lag 20 prosent har eit FoU-miljø som deltakar i prosjektet og 10 prosent nemner at dei har samarbeid med ei anna bedrift.