Spør KI-samtaleroboten vår

Dette bør du ha på plass når du startar prosjektet

  1. Oppgåver og roller i prosjektet: Gi alle prosjektdeltakarar og andre med oppgåver eller roller i prosjektet  tilgang til prosjektet via Mi side.
  2. Prosjektrekneskap med revisor: Alle som krev skattefrådrag i SkatteFUNN-ordninga må ha revisorattestasjon av prosjektrekneskapet som tala i skattemeldinga er baserte på. Du må derfor allereie ved oppstart av prosjektet sørgje for å ha eit system for å føre prosjektrekneskap fortløpande for å dokumentere utgiftene per arbeidspakke i prosjektet. Timelistene skal signeres av prosjektdeltaker og prosjektansvarlig løpende, og minst hvert kvartal.
  3. Dokumentasjon av større kostnader: Dei må hente inn dokumentasjon av kostnader over 100 000 kroner (eks. mva) frå eventuelle underleverandørar ved kjøp av FoU-tenester frå nærståande føretak.

Skattemeldinga

Utbetalinga kjem gjennom skatteoppgjeret, anten som ein reduksjon i skatt eller som ei utbetaling for bedrifter som ikkje er i skatteposisjon. 

De må sjølv krevje frådrag for FoU-kostnadene via skattemeldinga via eit eige temakort som heter «Skattefradrag for kostnader til forskning og utvikling". Frist for å sende inn skattemeldinga er 31. mai kvart år.

Slik fyller du inn feltet «Arbeidspakke-ID» i skattemeldinga

Søknadsskjemaet for SkatteFUNN har felt for nummerering av arbeidspakkar/delmål. Kvar enkelt arbeidspakke får i tillegg tildelt eit unikt ID-nummer, som ikkje er synleg for deg som søkjer. Når du fyller ut seksjonen «Kostnader til forskning og utvikling» i skattemeldinga, blir du bedt om å fylle inn «arbeidspakke-ID», som altså er dette unike ID-nummeret.

Det enklaste er om du bruker funksjonen for førehandsutfylling i skattemeldinga: Skriv inn prosjektnummeret du fekk tildelt etter godkjenninga av søknaden (ikkje søknadsnummeret). Da skal visse opplysningar om det godkjente prosjektet bli fylt ut av seg sjølv. Dersom dette ikkje fungerer og du likevel må fylle ut alt sjølv anbefaler vi at du skriv inn den kronologiske nummereringa frå søknadsskjemaet, altså arbeidspakke 1, 2, 3, osb.

Dersom du har spørsmål om skattemeldinga, så må du ta kontakt med Skatteetaten: Fradrag for forskning og utvikling – SkatteFUNN - Skatteetaten.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 13. desember 2025, kl. 08.43 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }