200 millionar kroner til forsking i industri og tenestenæringane
17 norske bedrifter kan no setje i gang innovasjonsprosjekt. Dei skal mellom anna forske på korleis ein kan redusere klimagassutslepp frå betong, korleis miniorgan i 3d kan brukast for å gi diagnose og behandle sjukdommar og korleis ein kan utvikle system for meir effektiv samhandling mellom menneske og kunstig intelligens.
– Vi treng meir kunnskap og at kunnskapen blir teken raskare i bruk. Dette er avgjerande for å styrkje konkurransekrafta til næringslivet. Prosjekta som har fått støtte bidreg til utvikling av nye produkt og prosessar, som gir auka verdiskaping i norsk næringsliv, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
– Eg er glad for at mange bedrifter satsar på forsking når dei skal utvikle nye produkt og tenester. Å bruke forsking aktivt styrkar konkurranseevna til norsk næringsliv. Det er avgjerande for at Noreg lykkast med den grøne, digitale omstillinga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Forskingsrådet har opplevd rekordstor søking frå næringslivet det siste året. Søknadene held gjennomgåande veldig høg kvalitet.
– Desse prosjekta er glitrande døme på den store omstillingsviljen og kreativiteten i heile breidda av norsk næringsliv – i alle bransjar og alle typar bedrifter, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Mellom anna får…
- AF DECOM AS i Oslo 16 millionar kroner for å forske på korleis ein kan redusere klimagassar frå betong. Betong er ei stor kjelde til klimagassutslepp, hovudsakleg frå sementproduksjon, og utgjer ein stor del av avfallet i byggjebransjen, med cirka 1,5 millionar tonn betongavfall årleg i Noreg. Målet er å utvikle betong med lågare karbonavtrykk ved mellom anna å erstatte sement med alternative lågkarbon-bindemiddel, biokol og resirkulert tilslag. Prosjektet ønskjer å leggje til rette for at sirkulær betong blir meir kommersielt tilgjengeleg.
- Zenit Science AS i Trondheim får 10 millionar kroner for å utvikle organoider. Organioder er mini-organ i 3d laga av menneskelege celler og som kan erstatte dyreforsøk ved til dømes sjukdomsmodellering og uttesting av medisinar, kjemikaliar og genterapi. Bedrifta ønskjer å forske på korleis ein kan langtidslager og oppskalere slike mini-organ. Resultata av prosjektet kan verke positivt inn på utviklinga av nye diagnostiske verktøy og behandlingar for ulike menneskelege sjukdommar.
- KNOWIT AS får 16 millionar kroner for å utvikle løysingar for KI-integrasjon som gjer samarbeidet mellom menneske og kunstig intelligens-agentar i tverrfaglege team meir effektivt. Samarbeidet mellom menneske og KI-agentar markerer eit paradigmeskifte, men sjølv om dette allereie er eit framtidsscenario mange føreser, manglar det forsking på korleis teknologi for korleis samspelet best kan fungere i praksis.
Desse får tildeling
Bedrift |
Prosj.tittel |
Søkt beløp (i 1000 kroner) |
Kommune |
AF Decom AS |
BetongHUB - Berekraftig betongproduksjon |
16000 |
OSLO |
ALUDYNE NORWAY AS |
CASTiNET – Casting Through intelligent, Enhanced Technologies |
16000 |
FARSUND |
Arundo Analytics AS |
AIDA: Towards the autonomous factory |
9000 |
OSLO |
Cardiaccs as |
Gyro-and Accelerometer-Based Monitoring of Heart Function after Surgery |
4922 |
OSLO |
CHIRON AS |
Certified Reference Materials for Small Micro and Nano Plastic Analysis including Tire Wear |
6002 |
TRONDHEIM |
HM NE v/ Heidelberg Materials Sement Norway AS |
FACILE-CPR: Freeze-thaw Assessment of Concrete in the Laboratory versus outdoor Exposure under the new Construction Products Regulation |
10455 |
OSLO |
HYDRO ALUMINIUM AS |
Next generation billets for structural aluminium extrusions |
16000 |
OSLO |
HYDRO EXTRUDED SOLUTIONS AS |
Hydro Additive Manufacturing of Extrusion Tools – Directed Energy Deposition |
14700 |
OSLO |
K A RASMUSSEN AS |
Development of an integrated process to improve the recovery of critical raw materials from waste printed circuit boards. |
15976 |
HAMAR |
KNOWIT AS |
Heilskapleg løysing for AI-integrasjon i norske organisasjonar |
16000 |
OSLO |
NORTHSTAR - IMPACT ANALYTICS AS |
Orion - Translating impact from vague assumptions to an intangible value in the P&L |
16000 |
OSLO |
PEOPLE AT WORK AS |
Datadrivne prosessar for reduksjon av sjukefråvær. |
6250 |
OSLO |
RANHEIM PAPER & BUARD AS |
Framtidas laminat basert på resirkulerte råvarer |
8250 |
TRONDHEIM |
SHAPEMAKER AS |
TowerUP project - Sustainable and circular solution for tower infrastructure. |
12003 |
OSLO |
SKANSKA NORGE AS |
MINDRE - optimering for redusert ressursforbruk og mindre avfall |
8000 |
OSLO |
VITROSCOPE AS |
vitro.scale - industrial scale high content cell research in physiological condictions |
16000 |
TRONDHEIM |
Zenit Science AS |
Optimizing and Automating Human 3d Organoids for Preclinical Testing and Drug Discovery |
10000 |
TRONDHEIM |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. april 2025, kl. 12.05 CEST