Nytt steg for samfunnsoppdraget på fôr
Ei styringsgruppe for samfunnsoppdraget på berekraftig fôr er no klar. Dette er eit nytt og viktig steg for å komme vidare med samfunnsoppdraget og med måla vi skal nå.
– Samfunnsoppdraget vil ha mykje å seie både for blå og grøn sektor. Klimagassutsleppa må ned, samtidig som verdiskapinga skal varetakast og aukast. Det er viktig at vi no får fart på samfunnsoppdraget og eg er derfor glad for at ei styringsgruppe no er på plass, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Noregs forskingsråd.
- Sjå nyheitssak/pressemelding frå regjeringa: Ønskjer meir norsk, berekraftig fôr til fisk og husdyr - regjeringa.no
– Vi i Forskingsrådet skal vere vertskap for sekretariatet for samfunnsoppdraget. Sekretariatet skal mellom anna koordinere arbeidet i styringsgruppa. Vi jobbar no med å bemanne og etablere sekretariatet, seier Sundli Tveit.
Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking og utvikling skal spele saman med endringar i regelverk og politikk for å løyse konkrete utfordringar innan ei gitt tid.
Vi hadde ansvaret for å drive eit sekretariat i den førebuande fasen av samfunnsoppdraget, der ei operativ gruppe fremja forslag til mål, delmål og organisering. Den operative gruppa utnemnde ei ekspertgruppe som kom med råd. Det kom også ei rekkje råd og innspel gjennom innspelsmøte med relevante aktørar.
– Det var ein travel og effektiv periode, prega av godt samarbeid mellom dei ulike gruppene. Det er derfor godt å sjå at mange av forslaga til både mål, delmål og organisering er følgd godt opp når regjeringa no stakar ut kursen vidare, seier Eva Falleth, områdedirektør for berekraftig samfunnsutvikling i Forskingsrådet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 01.11 CET