Invitasjon til digitale innspelsmøte om nye porteføljeplanar
For dei ti porteføljestyra som vart utnemnde ved starten av 2024 går no føre seg arbeid med nye porteføljeplanar.
Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg.
I møtet vil mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan bli gjennomgått. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, målet for Forskingsrådet og strategien vår, og viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.
Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planane i møtet. Det vil bli lagt ut eit utkast til plan i forkant av møta.
Innspelsmøta vil finne stad i perioden oktober til januar 2025, og bli lagt ut fortløpande på nettsida. For nærare informasjon om arrangementa, sjå samlesida vår for porteføljane og nede på Forskingsrådets framside under arrangement.
Innspelsmøte for nye porteføljeplanar. Datoar kjem så snart dei er klare
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 01.00 CET