Brukar KI for å rydde i gamle reguleringsplanar

Kommunar i Noreg har mange gamle reguleringsplanar som framleis gjeld. Dette kan skape problem fordi dei gamle planane kan vere i strid med målet til kommunen for arealbruk. Planane kan vere uforståelege, og dei kan innehalde utdaterte reglar og retningslinjer som kan skape kontrovers og forseinkingar i byggjeprosjekt.

Larvik kommune har fått 7 millionar kroner frå Forskingsrådet for å utvikle teknologi som kan oppdatere gamle kommuneplaner gjennom metodar som både er demokratisk legitime og effektive for pressa kommuneadministrasjonar.

Vern av natur 

Larvik kommune har fått 7 millionar kroner frå Forskingsrådet for å utvikle teknologi som kan vaske gamle reguleringsplanar, det vil seie å oppdatere dei gjennom metodar som både er demokratisk legitime og effektive for pressa kommuneadministrasjonar.  

Målet er å lage ein metode som alle kommunar kan bruke. Prosjektet vil mellom anna bruke kunstig intelligens for å effektivisere arbeidet. Prosjektleiar Nicolai Winge seier til NRK at rydding av gamle planar kan gjere prosessane mindre komplisert for utbyggjarar, samtidig som det blir lettare å ta større omsyn til klima og natur. 

Prosjektet skal og gjere det enklare for grunneigarar å finne rett plan for sitt område. At behovet for slik teknologi er stort, er det liten tvil om. Larvik kommune har åleine 800 ulike reguleringsplanar, medan Oslo har 6000. 

– Naturen rundt oss blir stadig meir trua. Forskingsrådet har over fleire år bygd opp og lyst ut midlar for å løyse utfordringar knytt til areal under press. Desse utfordringane går på tvers av sektorar, geografi, hav og land, nærings- og samfunnsinteresser. Larvik-prosjektet er eit glimrande døme på kva som kan oppnåast når ein tenkjer nytt på tvers av sektorinteresser, seier Eva Falleth, områdedirektør i Forskingsrådet med ansvar for berekraftig samfunnsutvikling.  

I år lyser Forskingsrådet ut 183 millionar kroner til dette formålet og inviterer forskarar, næringsliv og offentleg sektor til å samarbeide. Fristen for å søkje er 13. mars.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 06.40 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.