58 millionar kroner til forskingssamarbeid med Sør-Afrika innan klima og miljø
10 prosjekt får finansiering til forsking på mellom anna berekraftig og rettferdig utvikling i Oslo og Cape Town, forvaltning av økosystem i fjellområde i Noreg og Sør-Afrika, og korleis sjømatoppdrett kan gjerast på ein måte som sikrar økonomisk, miljømessig og sosial berekraft i fjorden utanfor Ålesund og i Saldhana Bay i Sør-Afrika.
‒ Vi fører no vidare eit etterspurt forskingssamarbeid med gode resultat. Sør-Afrika og Noreg har samarbeidd godt over lang tid om natur, hav og miljø, både politisk og innanfor forsking. Eg gler meg til å sjå kva dyktige forskarar i begge land vil levere gjennom denne nye fasen av samarbeidet vårt, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.
Prosjekta femnar om felles problem innan urban utvikling, utrydding av dyreartar, globale verdikjeder innan eksport av vin, forvaltning av hav- og fiskeriressursar, planlegging av fornybar energi i ulike landskap og korleis ein kan førebyggje og få bukt med aukande skogbrannar.
Klima- og naturkrisa er global. Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å løyse dei store og komplekse utfordringane. Gjennom desse prosjekta kan norske og sørafrikanske miljø saman bidra til kunnskap vi treng for ei meir berekraftig verd, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.
Forskingssamarbeidet mellom Noreg og Sør-Afrika har vart i over 20 år, og prosjekta er finansierte av begge land. Noregs forskingsråd bidreg med 40 millionar kroner medan National Research Foundation i Sør-Afrika bidreg med litt under 20 millionar. Kvart prosjekt blir leidd av éin norsk og éin sørafrikansk prosjektleiar, og prosjekta har omfattande samarbeid med aktørar utanfor forsking, i industrien, offentleg sektor og sivilsamfunn.
‒ Samarbeidet mellom det norske og sørafrikanske forskingsrådet er langt og strategisk for begge sider, og den nye versjonen er endå betre ved at større konsortieprosjekt vil bli støtta, seier administrerande direktør i National Research Foundation (NRF), Dr Fulufhelo Nelwamondo.
‒ I det nye forskingssamarbeidsprogrammet som vil vare frå 2025 til 2028 har NRF og Noregs forskingsråd ein Lead Agency-avtale. Avtalen har som hovudfunksjon å leggje til rette for felles fagfellevurdering av søknader til Forskingsrådet og NRF. Gjennom dette programmet siktar NRF og sjølvsagt Forskingsrådet på å auke kunnskap i å handtere felles utfordringar innanfor viktige område, særleg berekraft, bruk og forvaltning av land, og dessutan utnytting av finansierte prosjektresultat av avgjerdstakarar, offentlege institusjonar, privat sektor og/eller sivilsamfunnet, seier Nelwamondo
Forskingsrådet følgjer opp dei norske delane av prosjekta medan NRF i Sør-Afrika følgjer opp dei sørafrikanske delane av prosjekta.
Dette er dei 10 finansierte prosjekta
JustUrban: Sustaining urban nature for environmental justice in the face of urban growth | STIFTELSEN NORSK INSTITUTT FOR NATURFORSKNING NINA | University of the Western Cape and Rhodes University |
NatuRA - Sustainable use of Natural Resources in Alpine and mountain grassland ecosystems under global change | UNIVERSITETET I BERGEN | University of the Free State and University of Venda |
Human-Environment-Animal Relations in Deep Time | Institutt for kultur- og språkvitenskap, Universitetet i Stavanger | Stellenbosch University and University of Fort Hare |
Land Governance and Responsible Value Chains in the South African Wine Industry (WINELAND) | INSTITUTT FOR FREDSFORSKNING (PRIO) | University of the Western Cape |
Planning renewable solar energy systems combining technological and ecological assessments | SINTEF ENERGI AS | University of Stellenbosch and University of Limpopo |
Co-creating nature recovery maps to guide conservation and restoration efforts in Norway and South Africa. | STIFTELSEN NORSK INSTITUTT FOR NATURFORSKNING NINA | University of Witwatersrand and University of the Western Cape |
Wildfire safety of homes and other vulnerable establishments in the wildland-urban interface | RISE FIRE RESEARCH AS | University of Stellenbosch and Sol Plaatje University |
Sustainable multiuse of ocean areas in South Africa and Norway – interactions with fisheries and aquaculture of low trophic resources | Møreforsking AS | Cape Peninsula University of Technology, Department of Forestry, Fisheries and the Environment and University of the Western Cape |
Pressures of Urbanisation on Fish and Fisheries In Norway and South Africa (PUFFINS) | NORCE Miljø/Klima VESTLAND | South African National Biodiversity Institute and University of Zululand |
Turning wastewater into potable water - sustainable plant-based water treatment systems for rural communities | SINTEF AS | University of KwaZulu Natal and University of Venda |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 04.00 CET