110 millionar kroner til helseforsking
Åtte forskingsprosjekt skal bidra til meir innovasjon i dei offentlege helsetenestene. Dei skal og auke samarbeidet mellom næringslivet og offentleg sektor. Prosjekta skal mellom anna utvikle radarar for automatisk overvaking av pusten til pasientar, nye verktøy for meir datadeling i helsesektoren og løysingar for å førebygge og handtere skadeleg seksuell åtferd i skulen.
– Forsking og innovasjon er avgjerande for at vi skal utvikle eit godt helsetilbod for befolkninga i heile landet. Desse prosjekta kan bidra til at du og eg får betre helsetenester sjølv om vi går inn i ei tid med stadig fleire eldre og færre til å ta vare på oss, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
– Eg er glad for at vi kan bidra til auka forskingsinnsats i den offentlege helsetenesta og i samarbeid med forskarar og næringsliv, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.
Desse prosjekta får finansiering
- Bedrifta Elotec AS med partnarar får 20 millionar kroner for å utvikle eit produkt som kan måle pustefrekvens kontaktlaust, kontinuerleg og automatisk frå eit punkt i taket. Dette skal dei gjere gjennom ny radarantenneteknologi og avansert signalbehandling. Målet er å auke tryggleiken til pasientar og redusere belastninga for helsepersonell. Innovasjonen skal bli implementert både i spesialist- og kommunehelsetenesta.
- Kristiansand kommune og partnarar får 20 millionar kroner til å lage ein digital inngangsport til akutthelsetenesta der innbyggjarane kan få konkrete råd om eigenomsorg og når dei må ta kontakt med helsetenesta. Det er stort press på helsetenesta på grunn av aukande del eldre, forventningar til helsetenesta og mangel på helsepersonell. For at helsetenesta skal kunne bruke ressursar på dei som treng det mest, er det avgjerande at dei som kan hjelpe seg sjølve, får god nok støtte til å gjera det.
- Helse Førde og partnarar får 20 millionar kroner til eit prosjekt der målet er å gjere tilgjengeleg effektive digitale behandlingsmetodar til pasientar ut frå deira eigne data. Løysinga kan analysere det individuelle behovet til pasienten ut frå kva data dei legg inn og gi dei høve til å få ei skreddarsydd løysing for psykisk helse heimanfrå og gi dei større høve til å ta kontroll over eige behandling. Det finst ein tidleg versjon av denne løysinga, men dette prosjektet skal vidareutvikle og skalere denne løysinga nasjonalt og internasjonalt.
- Nordlandssykehuset og partnarar får 20 millionar kroner til å utvikle ein brukarvennleg måte å dele data og dokument på, mellom anna mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Innovasjonen bidreg til at helsepersonell får tilgang til og presentert data som dei til ei kvar tid treng i journalsystema sine. Denne typen løysingar er svært etterspurde av helsetenesta. Arbeidsverktøyet vil forenkle kvardagen til helsepersonell gjennom meir effektiv datadeling og samtidig auke tryggleiken for pasientane.
- Trondheim kommune og St Olavs Hospital HF får 7 millionar kroner til eit prosjekt som rettar søkelyset på utfordringane knytta til aukande behov for helse- og omsorgstenester, spesielt for sårbare eldre pasientar. Dei har identifisert behov i tenestene for oversikt over pasientstraumar, kapasitetar og koordinering mellom tenestene, samt verktøy for integrert planlegging. Innovasjonsideen kobles til sistnevnte og representerer både en ny prosess og et nytt produkt for meir effektiv ressursbruk og reduserte pasientkøar for målgruppa.
- Tønsberg kommune og Universitet i Sørøst Norge får 7 millionar kroner til eit prosjekt som skal sikre betre førebygging og handtering av skadeleg seksuell åtferd i skulen. Dette skal dei gjere ved å utvikle "ein radikal tenesteinnovasjon" med betre samhandling mellom tenestene i kommunen og tilby hjelp til lærarar.
- NAV Innlandet og Høyskolen i Innlandet får 7 millionar kroner til eit prosjekt som skal utvikle eit meir samanhengande tenestetilbod til unge mellom 16-25 år, særleg med fokus på dei som får tiltak frå barnevernet. Innovasjonen vil forsterke samhandling mellom tenestene. På sikt vil tenesta føre til at det blir færre unge som står utanfor utdanning og arbeid.
- Folkehelseinstituttet med Samfunns- og næringslivsforskningen AS får 6,5 millionar kroner til eit prosjekt der dei skal undersøke korleis kunstig intelligens kan bli brukt for raskare å kunne gjere vurderingar og gi kunnskapsbaserte råd som blir etterspurde av helse-, omsorgs- og velferdstenesta, forvaltninga og befolkninga.
Desse prosjekta får støtte til Pilot Helse
Prosjektansvarleg |
Prosjekttittel |
Innstilt beløp |
Fylke |
Kommune |
ELOTEC AS |
Kontaktløs, kontinuerlig og automatisk overvåkning av pusteaktivitet |
20 millionar kroner |
Trøndelag |
Oppdal |
HELSE FØRDE HF |
Norse Impact – Continuous digital care in mental health |
20 millionar kroner |
Vestland |
Sunnfjord |
KRISTIANSAND KOMMUNE |
Helsehjelppiloten: Støtte til egenomsorg og nødvendig kontakt med helsevesenet |
20 millionar kroner |
Agder |
Kristiansand |
NORDLANDSSYKEHUSET HF |
ShareIT - Samarbeidsmodell og arbeidsverktøy for en effektiv og bedre hverdag for helsepersonell og økt sikkerhet for pasientene |
20 millionar kroner |
Nordland |
Bodø |
Desse prosjekta får støtte til Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor
Prosjektansvarleg |
Prosjekttittel |
Innstilt beløp |
Fylke |
Kommune |
TRONDHEIM KOMMUNE |
Helhetlig avansert ressursstyring for bærekraftige helse og omsorgstjenester |
7 millionar kroner |
Trøndelag |
Trondheim |
TØNSBERG KOMMUNE |
Bedre beskyttelse av barn og unge gjennom en mer systemisk samhandling i forebygging og håndtering av skadelig seksuell atferd i skolen |
7 millionar kroner |
Vestfold og Telemark |
Tønsberg |
FOLKEHELSE-INSTITUTTET |
Ny prosess for kunnskapsbasert vurdering og rådgiving ved bruk av kunstig intelligens ved Folkehelseinstituttet |
6,5 millionar kroner |
Oslo |
Oslo |
NAV INNLANDET |
Positive avvik – en innovativ tilnærming til ungt utenforskap (POSTUT) |
7 millionar kroner |
Innlandet |
Hamar |
Faktaboks
Pilot Helse er ei ordning som lyser ut midlar til ambisiøse innovasjonsløp som skal bidra til berekraft i helse- og omsorgstenestene og samtidig verdiskaping i norsk helsenæring. Saman skal private og offentlege aktørar utvikla gode løysingar som når raskara ut til pasientar og innbyggjarar.
Eit Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor skal bidra til å innovera tenester, infrastruktur og forvaltning på ein berekraftig, systematisk og effektiv måte. Prosjekta blir leigde av offentlege aktørar og blir gjennomførte i samarbeid med forskarar. Målet er at samarbeidet mellom forskarar og offentleg sektor skal løfta kvaliteten på innovasjon i offentleg sektor, auka tilfredsheita blant tilsetja og heva kompetansen til alle involverte.
Pressekontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 07.11 CET