Nye internasjonale moglegheiter for norske forskarar
Noreg, gjennom Forskingsrådet, har no offisielt blitt medlem av Human Frontier Science Program Organisation. Dette betyr at norske forskarar kan konkurrere om midlar til banebrytande prosjekt innanfor livsvitskap på ein ny internasjonal arena.
Av Christian Haug-Moberg
Human Frontier Science Program (HFSP) er eit finansieringsprogram som skal fremje og finansiere grunnleggjande og innovativ livsvitskapleg forsking over heile verda. Prosjekta skal gjennomførast gjennom internasjonalt samarbeid, ha høg risiko og vere tverrfaglege. Norske forskarar kan no søkje på 2024-utlysingane, desse har fristar i mars/mai 2023.
- Vi inviterer til webinar med informasjon om HFSP-utlysingane 10. mars: Human Frontier Science Program (HFSP) - Webinar (forskningsradet.no).
– Eg er veldig glad for at norske forskarar no har høve til å delta i denne globale konkurransen om forskingsmidlar, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. I Noreg har vi fleire forskarar og forskingsmiljø som er heilt i verdstoppen. Ved at Noreg no er HFSP-medlem, legg vi til rette for at fleire av prosjekta deira kan bli finansierte. Eg håpar at mange norske forskarar vil søkje på HFSP-utlysingane som no er opne.
Søkelys på sjølve ideane
I prosjekta som blir støtta av HFSP er det sjølve ideen bak prosjektet som blir vurdert. Dermed gir prosjekta gode moglegheiter for at også unge forskarar kan hevde seg i konkurransen.
– Det er svært viktig at også yngre forskarar kan vere med å konkurrere om desse midlane seier Sundli Tveit. Skal vi løyse dei store utfordringane som samfunnet står ovanfor, må dei yngre forskarane få moglegheit til å følgje sine eigne idear og utvikle sine eigne prosjekt.
Noreg har vore med før
Noreg har tidlegare vore med i denne organisasjonen. Til saman har elleve norske forskarar motteke det såkalle HFSP Research Grant. Blant desse er det både forskarar som gjennomfører forskinga i Noreg og forskarar som gjennomfører forskinga i andre land. I tillegg har fire unge norske forskarar fått støtte til å jobbe med forsking ved institusjonar i utlandet, medan fire unge forskarar har fått støtte til å utføre forskinga si ved institusjonar i Noreg.
- Les meir om moglegheitene i HFSP: HFSP – Human Frontier Science Programme (forskningsradet.no)
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 04.03 CET