Nytt kunnskapsgrunnlag om inkludering
Utanforskapen til barn og unge blir forsterka i møte med eit fragmentert hjelpeapparat og mangel på treffsikker innsats. Dette blir ikkje løyst gjennom dagens utviklingsarbeid. Dette er eit av punkta i eit samanfattande kunnskapsgrunnlag som er oversendt Barne- og familiedepartementet frå den operative gruppa til samfunnsoppdraget.
Det er designbyrået Halogen som har samanstilt kunnskapsgrunnlaget.
- I haust har vi jobba saman med systemdesignarar i Halogen for å kartleggje kunnskap, erfaringar og eksisterande program og verkemiddel som støttar opp under samfunnsoppdraget. Dette har vore nødvendig for å komme nærare kva mål, delmål, avgrensing og organisering samfunnsoppdraget bør ha i gjennomføringa, seier leiar for den operative gruppa, avdelingsdirektør Gunnlaug Daugstad i Forskingsrådet.
Det er regjeringa som har teke initiativ til samfunnsoppdraget om inludering av barn og unge. Målet er å redusere talet på unge som står utanfor utdanning, samfunns- og arbeidsliv. Ei operativ gruppe skal foreslå organisering og konkrete mål for samfunnsoppdraget frå 2024 og framover.
- Vi legg til rette for brei involvering frå samfunnet. I november og desember gjennomfører vi innspelsmøte, og dette kunnskapsgrunnlaget er sentralt i desse møta, seier Daugstad.
Operativ gruppe består av representantar frå DOGA, Utdanningsdirektoratet (Udir), Helsedirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Arbeids, og velferdsdirektoratet (AVdir), KS, Barne-, ungdoms –og familiedirektoratet (Bufdir), Kulturtanken og Forskingsrådet. Gruppa blir leia av Forskingsrådet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 04.03 CET