Styringsgruppa fôr

Styringsgruppa for fase 1 i samfunnsoppdraget om berekraftig fôr skal vere eit rådgivande organ. Hovudoppgåva er å gi strategiske råd og tilrådingar til styresmakter og næringar om korleis ein kan nå måla som er sette for samfunnsoppdraget.

Styringsgruppa blir utnemnd frå august 2024 og skal arbeide ut 2026.

Styringsgruppa blir leidd av Nils Vagstad. Vagstad har brei leiarerfaring, mellom anna som tidlegare administrerande direktør i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Han har fagleg bakgrunn i spørsmål knytt til, jordbruk, miljø og ressursforvaltning, og eit stort engasjement for berekraftig matproduksjon.

Styringsgruppa består av

  • Nils Vagstad, NIBIO (leiar)
  • Leif Kjetil Skjæveland, Skretting
  • Erik Olav Gracey, Biomar
  • Erling Aas-Eng, representant for Norges bondelag
  • Kristin Alnes, Sjømat Norge
  • Anja Bakken Riise, Framtiden i våre hender
  • Joakim Hauge, Bellona
  • Kari Ljøkjel, Felleskjøpet fôrutvikling
  • Inge E. Næsset, Mattilsynet

Mandat for styringsgruppa

Styringsgruppa for samfunnsoppdraget om berekraftig fôr skal

  • lage mandat for og etablere ei ekspertgruppe som skal vurdere berekrafta i fôr til oppdrettsfisk og husdyr etter sondering med departementsgruppa
  • vurdere behovet for ytterlegare ekspertgrupper på sikt
  • vurdere relevante koplingar opp mot internasjonalt arbeid (regelverksutvikling, handel, EU, OECD, nordisk m.m.).
  • sørgje for involvering gjennom dialog med relevante aktørar og involverte departement
  • arrangere ein årleg, nasjonal konferanse om berekraftig fôr
  • levere ein årleg rapport med:
    • oversikt over og vurdering av status, moglegheiter og barrierar for samfunnsoppdraget, fordelt på hovudmål og delmål
    • oversikt over og vurdering av tildelingar og prosjekt på fôrområdet
    • oversikt over og vurdering av tiltak som alt er i gang og vurdere behov for eventuelle nye tiltak på regelverksområdet
    • gode døme på prosjekt som er i gang og som er relevante for samfunnsoppdraget
    • forslag til eventuelle tiltak som bør gjennomførast for å nå måla
    • oversikt over forskings- og kompetansebehov
    • oppsummering og vurdering av innspel frå den årlege konferansen om berekraftig fôr 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 00.54 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.