Krav om handlingsplanar for likestilling (GEP)

Forskingsrådet og Europakommisjonen innfører krav om handlingsplanar for likestilling (Gender Equality Plans, GEP) på organisasjonsnivå for søkjarar og samarbeidspartnarar når det blir skriven kontrakt. Kravet gjeld for utlysingar med søknadsfrist i 2022 og seinare. Kravet gjeld ikkje for privat næringsliv, interesseorganisasjonar eller frivillig sektor.

Informasjonen på denne sida gjeld Forskingsrådets krav til handlingsplanar. Informasjon om Europakommisjonens krav til utlysningar under Horisont Europa, finn du på denne sida.

Kvifor innfører Forskingsrådet krav om handlingsplanar for likestilling?

Europakommisjonen innfører krav om handlingsplanar for likestilling (Gender Equality Plans, GEP) på organisasjonsnivå for søkjarar og samarbeidspartnarar for Horisont Europa-utlysingar.

Forskingsrådet vil vere ein pådrivar for likestilling og kjønnsbalanse i forskinga. Difor innfører vi dei same krava på organisasjonsnivå for søkjarar og samarbeidspartnarar til våre nasjonale utlysingar.

Kva er ein handlingsplan for likestilling?

Organisasjonens handlingsplan for likestilling må oppfylle desse fire krava:

  • Handlingsplanen skal vera vedtatt av leiinga og offentleg tilgjengeleg på heimesida til institusjonen. Det er ikkje tilstrekkeleg at planen er del av ei årsmelding eller liknande. 
  • Handlingsplanen skal vise til øyremerkte ressursar for arbeidet med likestilling. Dette kan vere personalressursar og/eller avsette midlar til tiltak.
  • Handlingsplanen skal inkludere kjønnsdelte data for alle stillingskategoriar, og han skal vise korleis ein har tenkt å gjennomføre årleg rapportering og oppfølging.
  • Handlingsplanen skal vise korleis arbeidet blir støtta med opplæring og kompetansebygging.

Når gjeld kravet frå?

Kravet gjeld for alle prosjekt finansierte gjennom utlysingar med søknadsfrist frå 01.01.2022.

Når må handlingsplanane vere på plass?

Handlingsplanane må vere på plass når de skal skrive kontrakt med oss. Det er ikkje krav om å ha handlingsplanar på plass ved søknadstidspunktet.

Kven gjeld kravet for?

Kravet gjeld for alle forskingsorganisasjonar og offentlege verksemder som mottek støtte frå Forskingsrådet.

Kravet gjeld både søkjarar og samarbeidspartnarar som mottek tilskot. Dersom fleire organisasjonar deltek i eit samarbeid, må alle organisasjonane som mottek tilskot, oppfylle kravet.

Kven gjeld kravet ikkje for?

Kravet gjeld ikkje for privat næringsliv, interesseorganisasjonar eller frivillig sektor.

Kravet gjeld ikkje for organisasjonar frå andre land enn Noreg.

Kan ein bruke ein allereie eksisterande handlingsplan?

Ja, om den fyller Horisont Europas krav til handlingsplanar for likestilling (Gender Equality Plan, GEP) oppfyller den også Forskingsrådets krav. Les meir om Horisont Europas krav her.

Finst det gode eksempel på handlingsplanar?

Ja, Kif-komiteen har publisert ei oversikt over universitet og høgskolar med handlingsplanar for likestilling og mangfald.

Forskingsrådets eigne handlingsplan kan du lese her.

Kva språk skal handlingsplanen vere på?

Den kan vere på norsk (bokmål eller nynorsk) eller engelsk.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 03.38 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.