
Om arrangementet
Kommersialiseringsstøtta til Forskingsrådet bidrar til at offentleg finansiert forsking kjem i bruk gjennom samfunnsinnovasjon og kommersialisering.
I 2025 vil vi gi totalt 185 millionar kroner til prosjekt i tidleg utviklingsfase (prekommersiell). Dette skjer gjennom program for kvalifisering og verifisering.
Kvalifiseringsprosjekt hjelper med dei første undersøkingane for å sjå om forskingsresultata kan brukast. Verifiseringsprosjekt har som mål å vidareutvikle og teste nye teknologiar frå laboratoriet til praktisk bruk.
Samtidig gir Horisont Europa støtte gjennom EIC Transition. Dette er ei ordning for forskarar og innovatørar som vil ta banebrytande forskingsresultat vidare til innovasjon og marknad.
Målet er å utvikle og demonstrere nye teknologiar som kan ha stor positiv effekt for samfunnet. I 2025 vil Horisont Europa gi 98 millionar euro i EIC Transition.
I dette webinaret forklarer vi utlysingane og svarar på spørsmål.
- Utlysing: Kvalifisering - Kommersialisering fra offentlig finansiert forskning 2025 (forskningsradet.no)
- Utlysing: Verifisering – Kommersialisering fra offentlig finansiert forskning 2025 (forskningsradet.no)
- Utlysing: EIC Transition (EU Funding & Tenders Portal)
Send gjerne inn spørsmål på førehand til kommers@forskningsradet.no, eller wah@forskningsradet.no for spørsmål om EIC Transition.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. april 2025, kl. 07.16 CEST