EU-flagg kombinert med bilde av kornåker
Webinar

Open digital kafé: Horisont Europa – klyngje 6: Mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø

Passer for:

Forskarar, bedrifter, offentleg sektor, interesseorganisasjonar, søkjarar, prosjektpartnarar, prosjektkoordinatorar og alle som er interesserte i klyngje 6

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

Torsdag 21. november kl. 23.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Bli med på den opne digitale kaféen vår for klyngje 6 i Horisont Europa! 
Europa og verda må takle klimaendringar og konsekvensane for menneske og miljø, ei veksande verdsbefolkning som treng mat og skape eit robust samfunn. Til det treng vi ei grøn og digital omstilling som inkluderer alle.

Klyngje 6 - Mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø i Horisont Europa har oppdraget å skape moglegheiter og løysingar for denne transformasjonen. Aktivitetane i klyngja skal bidra til god forvaltning av naturressursane våre, nok og trygg mat frå land og hav, sikre reint vatn, framme biobaserte produkt og ein sirkulær bioøkonomi, og på denne måten motverke klimaendringar, miljøskadar og tap av biologisk mangfald. 

Les meir om klyngje 6 her.

Vi ønskjer ein uformell dialog og har derfor ingen dagsorden. Formålet er å skape ein arena der deltakarane er villige til å dele spørsmål, utfordringar, idear, erfaringar og diskutere i fellesskap. Innhaldet i den opne kaféen er drive av deltakarar.

Finn kontaktinformasjon til NCP-teamet som jobbar med klyngje 6 her.

 

Kontakt

Kristin Dawes

    Mat og bioøkonomi

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 01.05 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.