Korleis lykkast med å få støtte til eit innovasjonsprosjekt, med vekt på SkatteFUNN
- Hvor:
ÅKP Blue Innovation Arena, NMK. Borgundvegen 340, Ålesund
- Passer for:
Bedrifter i heile breidda av næringslivet
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
13. juni kl. 15:00
Om arrangementet
Seminaret er eit tilbod til bedrifter i heile breidda av næringslivet som vil læra meir om kva som må vektleggjast for å få støtte til eit innovasjonsprosjekt frå Forskingsrådet. SkatteFUNN vil få størst merksemd, men det vil også bli orientert om moglegheitene som ligg i søknadstypen Innovasjonsprosjekt i Næringslivet (IPN). Det vil ila juni bli kunngjord ca. 1. mrd. kroner til IPN.
Det vil i etterkant av møtet vil bli moglegheiter for individuelle samtalar med Forskingsrådet.
Seminaret er eit samarbeidet mellom Noregs forskingsråd, ÅKP og iKuben/Protomore.
Tilsvarande seminar blir gjennomført dagen før i Molde, 17.06.2024, kl. 1130 – 1400. Du finn dette arrangementet med påmelding her.
Innleiarar:
Oddvar Grim, Forskingsrådet, SkatteFUNN-sekretariatet
Arthur Almestad, Forskingsrådet, regionansvarleg, Møre og Romsdal og Oslo
Program
1000 – 1030: Velkommen - kort om verkemidla til forskingsrådet for næringslivet og aktuelle utlysingar-spørsmål og dialog
1030 – 1045: Kva er eit innovasjonsprosjekt med FoU-innhald? – Kort gjennomgang av prosjektkanvas
1045 – 1100: Pause
1100 – 1140: Ein gjennomgang av SkatteFUNN-ordninga og kva som må vektleggjast i ein søknad – Spørsmål og dialog
1140 – 1200: Erfaringar med SkatteFUNN/Innovasjonsprosjekt - Presentasjon og dialog med to bedrifter.
1200 – 1230 Avslutning og lunsj
Moglegheiter for individuelle samtalar fram til kl. 1330
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 04.12 CET