Klimatilpassing og utsleppsreduksjonar i sårbare samfunn
- Hvor:
Litteraturhuset i Oslo, Wergelandsveien 29, 0167 Oslo. Rom: Wergeland.
- Passer for:
Departementer, forskere, sivilt samfunn, ansatte i Forskningsrådet.
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
14. juni kl. 08:00
Om arrangementet
Det blir servert kaffi og croissantar på Litteraturhuset frå kl. 08.00. Vi oppmodar dykk til å komme dit og til å delta fysisk, men dersom det ikkje passar er også digital deltaking mogleg.
Lurer du på korleis klimakrisa påverkar dei mest sårbare samfunna i verda, og korleis det kan utviklast varige strategiar og løysingar? Kom på frukostseminar!
Noregs forskingsråd og forskningsfinansiører frå sju andre land har vore med på ei stor, internasjonal utlysing på om lag 700 millionar kroner for å finna dei beste forskingsprosjekta innanfor tematikken klimatilpassing og utsleppsreduksjonar i sårbare samfunn. Initiativet International Joint Initiative for Research in Climate Change Adaptation and Mitigation vart leidd av The New Frontiers in Research Fund (NFRF), Canada.
Tematisk tok utlysinga utgangspunkt i dei åtte risikoområda beskrive i den sjette IPCC-rapporten "Climate Change 2022: Impacts, Adaptation and Vulnerability".
Målgruppa for forskinga er sårbare grupper som rammes hardast av klimaendringane på grunn av den geografiske bustaden deira, sosiale og/eller økonomiske situasjon. Formålet med initiativet er i samarbeid med dei ramma gruppene å utvikla varige strategiar og løysingar som kan bidra til at desse gruppene kan halda oppe livsgrunnlaget sitt, kulturen sin, bustadene sine med meir, trass i klimaendringane og dei påverknadene desse medfører.
Norske forskingsmiljø gjorde det særs godt i konkurransen og Forskingsrådet har løyvd fem prosjekt som kjem til Litteraturhuset denne dagen for å fortelje om korleis ein kan få til klimatilpassing og utsleppsreduksjonar i sårbare samfunn.
Program
Kaffi og noko å bite i
Åpningstale
Ved den canadiske ambassadøren Amy Baker.
Pecha kucha-presentasjon
Med fem framifrå forskningsprosjekt med tematikken "Klimatilpassing og utsleppsreduksjon i sårbare samfunn"
Paneldebatt
Avslutning
Kontakt oss
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 04.10 CET