Korleis får vi til ei vellykka implementering av samfunnsoppdrag på klimatilpassing i Noreg?
- Hvor:
Noregs forskingsråd, Drammensveien 288, Oslo
- Passer for:
Kommunar, fylkeskommunar, forskingsmiljø og bedrifter som deltek og gjerne vil bidra i samfunnsoppdraget om klimatilpassing
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
9. januar
Om arrangementet
Berre første del av arrangementet blir strøymd: Frå kl. 12.30-kl. 13.40 (Dag 1)
EU-nettverka FINN-EU, EU-nettverk Møre og Romsdal, Horisont Vestland, Europanettverk Innlandet, saman med Kristiansand kommune og Forskingsrådet inviterer til to inspirerande dagar om EU sitt samfunnsoppdrag om klimatilpassing.
Norske kommunar, fylkeskommunar, forskingsmiljø og bedrifter deltek i EU sitt samfunnsoppdrag om klimatilpassing. Fleire har signert EU-oppdrag om klima for å nå klimatilpassingsmåla i EU og vil informere om kva det inneber. I tillegg deler dei kunnskap og verktøy.
I løpet av desse dagane får du som deltakar også lære meir om samspelet mellom samfunnsoppdraget og nasjonale satsingar. Klima- og miljødepartementet informerer om stortingsmeldinga om klimatilpassing og spør: Korleis riggar vi oss for eit klima i endring? Klimatilpassing er eit ansvar på tvers av forvaltningsnivå og Miljødirektoratet spør: Korleis kan vi spele kvarandre betre? Fylkeskommunar og kommunar vil vise korleis dei jobbar regionalt med å kople eigne utfordringar til ambisjonar i klimaplanen.
Norske forskingsmiljø deler kunnskap frå Horisont Europa-prosjekt og nasjonale prosjekt innan klimatilpassing, og Forskingsrådet vil gi status for arbeidet med samfunnsoppdraget til EU om klimatilpassing og informere om nye moglegheiter for norske aktørar i Horisont Europa og nasjonalt.
Dag 2 vil det vere dialog om: Korleis får vi til ei vellykka implementering av samfunnsoppdrag på klimatilpassing i Noreg? Under dette: Korleis fordele ansvar på ulike sektorar på alle nivå, og samtidig vareta heilskapen og få til reelle systemiske endringar og ein transformasjon?
Program
Møteleiar: Ingunn Borlaug Lid, Forskingsrådet
Registrering, etterfølgd av ståande lunsj og mingling
La oss byggja lag!
v/ Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet
Saman for eit klimarobust samfunn – Stortingsmelding om klimatilpassing
v/ Anders Andgard, avdelingsdirektør, Klimaavdelingen, Klima- og miljødepartementet
Omstilling til lågutsleppssamfunnet: Klimautvalet 2050
v/ Kristin Halvorsen, direktør Cicero, medlem av Klimautvalget 2050
Refleksjonar frå COP og IPCC: Rolla på forskinga
v/Jan Fuglestvedt, Cicero og medlem av referansegruppa for klyngje 5 (Klima, energi og mobilitet) Horisont Europa
Klimatilpassing er eit ansvar på tvers av forvaltningsnivå - korleis kan me spela kvarandre betre?
v/ Steinulf Hoel, seksjonsleiar, Miljødirektoratet
Kaffipause
Slik jobbar me regionalt med å kopla eigne utfordringar til ambisjonar i klimaplan
Døme frå Ida-Beate Mølmesdal, Vestland fylkeskommune og Elin Valand, Rogaland fylkeskommune
EUs ambisjonar for klimatilpassing og moglegheiter for norske aktørar
v/ Ingunn Borlaug Lid, Nasjonalt kontaktpunkt for klima, polar og miljø i Horisont Europa, Forskingsrådet
Ei felleserklæring for å nå EUs klimatilpassingsmål: Derfor forpliktar norske kommunar og fylkeskommunar seg til å leia vegen fram til eit klimatilpassa europeisk samfunn
Samtale med norske aktørar som har signert EUs charter for klimatilpassing.
Blir leia av Øyvind Laderud, Kristiansand kommune og Turid Wulff Knutsen, Innlandet fylkeskommune.
RESIST - Regions for climate change resilience through Innovation, Science and Technology (på engelsk)
v/ Vilija Balionyte-Merle, prosjektkoordinator for RESIST-prosjektet og Senior Business Developer i SINTEF
Kaffipause og noko å bita i
Dialog rundt borda
- Korleis jobba overfor (engasjere) næringslivet, frivillige sektoren og befolkninga? Korleis få til rask oppskalering av klimatilpassingsarbeidet i samfunnet?
- Korleis samarbeide på tvers av forvaltningsnivå i det offentlige?
- Korleis løfte klimatilpassing høgt nok i organisasjonen, uavhengig av sektor?
Blir leia av Espen Larsen, Kommunikasjonsrådgivar, Miljødirektoratet
Fagleg program slutt
Møteleiar: Charlotta Möller, NILU Sverige
Erfaringar frå vellykka samfunnsoppdrag gjennomføring i Sverige
v/ Charlotta Möller, NILU Sverige
Samfunnsoppdrag som satsing i Noreg – Kva krevst av forskarmiljøa, forvaltninga, næringslivet, organisasjonar og befolkning? Kva krevst av verkemiddelapparatet?
v/ Cristina Guerreiro, NILU
Me får høyra konkrete prosjektdøme med ulike roller og perspektiv. Korleis bruka prosjekt som verkemiddel for samarbeid?
- CLIMATE FUTURES – senter for forskningsdriven innovasjon v/ Manuel Hempel, NORCE og Climate Future
- NORADAPT – Norsk senter for berekraftig tilpassing v/ Carlo Aall, Vestlandsforsking og leiar Noradapt
- PHUSICOS – døme på naturbaserte løysingar v/ Senior EU-rådgivar Turid Wulff Knutsen, Innlandet fylkeskommune
- CREST - korleis bykommunar tilpassar seg klimaendringane v/ Solveig Stornes - Møre og Romsdal fylkeskommune og Ingunn Strand, Kristiansund kommune
Kaffipause
Dialog rundt bordene: Hvordan kan erfaringer fra Sverige hjelpe Norge med en vellykket implementering av samfunnsoppdrag på klimatilpasning hos oss? Dialog med forsamlingen
Korleis tek me dette vidare?
Ståande lunsj og mingling
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 04.11 CET