Illustrasjonsbilde åpen digital kafé
Webinar

MSCA COFUND 2023: Webinar om samfinansiering av PhD- og postdoktor-program

Passer for:

Strategiske avgjerdstakarar og andre som vil ha ekstra finansiering til doktorgrads- og postdoktor-program (og ikkje individuelle forskarar).

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

24. november kl. 05.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Visste du at institusjonen din kan søke om samfinansiering av doktorgrad-kandidatar og postdoktorar gjennom Marie Sklodowska-Curie Actions COFUND-ordning?

Se presentasjonene:

Dette webinaret er retta mot strategiske avgjerdstakarar og andre som vil ha ekstra finansiering til doktorgrads- og postdoktor-program (og ikkje individuelle forskarar).  

Er du ukjend med MSCA COFUND-ordninga? I løpet av dette webinaret får du innsikt i kva COFUND er, og kva dei kan gjere for institusjonen din.

Hovudinnlegget om utlysinga av COFUND 2023 blir halde av Alexandra Goncalves Pedersen, Call Coordinator for COFUND i Research Executive Agency (REA).

Etter det vil professor og pro-dekan for forsking ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektrotekninkk ved NTNU, Ingelin Steinsland, fortelje om deira erfaring med å planleggje, søkje og få gjennomslag for prosjektet "PERSEUS".

Etter innlegga blir det høve til å stille spørsmål.

Om det blir gjeve løyve til det frå deltakarane, vil opptak av møtet bli gjort tilgjengeleg etter at møtet er avslutta. 

COFUND 2023 har søknadsfrist 8. februar 2024 med eit budsjett på 6,57 millionar euro. Det er planlagt årlege fristar for COFUND gjennom Horisont Europa.

Her finn du informasjon om norsk-leidde COFUND-prosjekt:  

 

Kontaktpersonar

Berit Sundby Avset

    SpesialrådgiverBanebrytende forskning

Per Magnus Kommandantvold

    SpesialrådgiverBanebrytende forskning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 04.13 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.